Følg Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Toppnamn frå heile Norge når Førdefestivalen jubilerer

Pressemelding   •   mar 07, 2019 07:30 CET

Karl Seglem kjem med sitt suksessrike band til Førdefestivalen. Konsert på Larris Scene onsdag 3. juli.


Førdefestivalen har for vane å har sterke norske namn på plakaten kvart år, og jubileumsfestivalen er ikkje noko unntak. -Vi feirar 30-årsjubileet med å invitere tilbake artistar publikum har ønskt å høyre igjen i Førde. Det blir gjensyn med både internasjonale og norske publikumsyndlingar, i tillegg til nye namn, fortel direktør Per Idar Almås, som er svært nøgd med den norske bolken han no presenterer.


Karl Seglem først ut

Først ut er Karl Seglem, saksofonisten, bukkehornspelaren, komponisten og poeten frå Årdal, som i fjor sleppte plata NUNATAK, og noterte seg for soleklare 6-arar på terningen i norsk og internasjonal musikkpresse. -Eg gler meg stort til å presentere musikken min på Larris Scene onsdag 3. juli, ikkje minst å ha med meg heile det fantastiske NUNATAK-bandet mitt, seier Seglem. Opp gjennom åra har han stått på scena i Førde både som solist og i samspel med ei rekkje folkemusikarar, men det er første gong han kjem med fullt band. -Hardingfela har ein sentral plass i lydbiletet eg skapar, og då er det enormt å ha sjølvaste Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad i ryggen, gliser Seglem, som i tillegg har med seg Kåre Opheim på trommer, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar og Hallvard Gaardløs på bass.


Ragnhild Furebotten med nytt prosjekt

Ragnhild Furebotten er ein av dei leiande felespelarane frå Nord-Norge, ikkje minst kjend frå populære Hekla Stålstrenga, som stadig er A-lista på NRK. Til Førdefestivalen kjem ho med musikk ho har skapt dei siste fem åra; ein periode der livet hennar har teke mange bråe svingar, og i dette prosjektet har ho med seg svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Tre store musikknamn i ein og same trio det er all grunn til å ha store forhåpningar til. 

Furebotten er også med i Fotefar, der ho saman med to andre nord-norske landsdelmusikarane, Bendik Lund Haanshus og Lena Jinnegren, har hatt stor suksess med å løfte fram den rike songskatten etter Edvard Ruud (1902-2001). Fotefarkjem til Førde med songaren og felespelaren Julie Alapnes, som er i ferd med å bygge seg ein solid karriere både her i Norge og utanfor landegrensene. Alapnes er elles ein utøvar som tidlegare har gjesta festivalen i deira internasjonale talentprosjekt for unge musikarar. 


Spellemannpris-nominert Flottorp på soloscena

På soloscena presenterer festivalen Johanne Flottorp frå Åmli, som er nominert til Spellemannprisen for den sjølvtitulerte debutplata si. Ho har markert seg sterkt på folkemusikkscena i mange år, og om det å vere soloutøvar seier Flottorp: - Når eg tenkjer over det, er eg ikkje aleine når eg speler solo. Eg har ein heil armé av folk bak meg. Kvar slått eg spelar på denne utgjevinga, har eg ein spesiell relasjon til. Og eg har også ein relasjon til kjelda, anten det er eit levande menneske eg har vore på besøk hos, om det er ei note eller om det er eit opptak. Bak alle desse skjuler det seg lange rekker av nye kjelder, som alle speler på lag med meg.

Nordisk-inspirert Jansen

Eit anna spennande namn på soloscena er Jo Einar Jansen, musikar, songar og komponist frå Frosta i Trøndelag, som nøye har studert folkemusikktradisjonar i alle dei nordiske landa. Han sleppte si første soloplate, Naken, i mai 2018, med musikk som i hovudsak er komponert gjennom dei siste 300 åra på fele, oktavfele og hardingfele, både av Jansen sjølv og av eldre kjende og ukjende.

Gjensyn med Larsen/Hemsing

Toppen av kransekaka for mange blir kanskje gjensynet med søskenkvartetten Larsen og Hemsing i konserten To damer, to herrer. Gjermund og Einar Olav Larsen og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er i toppsjiktet på den norske folkemusikkscena og den klassiske musikkscena; fire solistar i stjerneklasse som søndag 7. juli set kvarandre i stemne i låven på Fjordamattunet. Dei fire vert også å høyre på gallakonserten laurdag kveld.




VASSVIK 706 moh

Torgeir Vassvik gjev deg eit friskt innblikk i det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet. Hans heilt særeigne framføring av den arkaiske transeframkallande musikken til folket sitt, kystsamane, er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen. Vassvik har eit røft og moderne lydbilde med joik, to feler, rammetromme og akustisk gitar. -VASSVIK får publikum mellom anna høyre på toppen av Hafstadfjellet laurdag morgon, seier festivaldirektør Almås.


Det beste frå Ottadalen
 

Folkemusikk med røter i Ottadalen blir sterkt representert når både Lendmenn og Aslak Brimi Kvartett står på programmet i Førde. Lendmenn vann gruppespelfinalen i Landsfestivalen i gammaldans også i 2018, og skal spele til dans i Førde, medan Aslak Brimi Kvartett skal ha ein ganske eksklusiv konsert på Gabriel Fliflet sin grenselause klubb laurdag kveld. 

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.