Følg Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Ingenting skal stoppe folkefesten i Førde

Nyhet   •   jun 29, 2019 16:07 CEST

Det nye partytaket i parken på Festplassen har plass til 600 personar ståande og 400 sitjande. Under festivalen, vert scena plassert i forkant av taket.

Ideen om taket kom då festivalen byrja å setje saman programmet i haust. -Vi ønskjer så sterkt å ha utearrangement, men det er så utruleg risikabelt med tanke på veret, fortel Per Idar Almås. -Alt hadde vore lettare om vi berre hadde hatt tak over denne fine arenaen. -Så bestemte vi oss for å sjekke kva som finst, og vi fann fram til Fortunen arkitektar i Bergen, som kunne levere det vi ville ha. 

Største jobben har nok vore å få på plass finansiering, men heldigvis har vi mange gode samarbeidspartar som har stilt opp for å få dette til. -Og det skal jo sjølvsagt ikkje berre brukast under festivalen, seier Almås, taket er tenkt å stå oppe frå mai til ut september, for at andre arrangørar også kan nytte det. I veke 27 derimot, kvart år, er det  Førdefestivalen som disponerer det i følgje direktøren. . 


2000 personar til festivalbrunsj 


Bilettekst: Direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås, i samtale med Petter Bergerud i Fortunen arkitekter, som har teikna og produsert taket. MEd ryggen til, Sølvi Lien, arrangementsjef i Førdefestivalen. 

I år vil taket vere 'i bruk' på to arrangement under festivalen. Begge skjer laurdag 6. juli. Først inviterer festivalen til gratis festivalbrunsj, gratiskonsertar og aktivitetar kl. 11.30-13.30. Her samarbeider festivalen med Norske Kokkers Landsforening Avdeling Sogn og Fjordane, og dei førebur seg på at over 2000 personar dukkar opp på brunsjen, og får med seg både konsertane og aktivitetane dei to timane det står på. -Parken ligg i sentrum, og er ein fantastisk arena, seier Almås, og håpar at dette skal bli ein skikkeleg folkefest. 


Inviterer 30-åringar gratis på konsert

Laurdag ettermiddag er det duka for konsert med russiske OTAVA YO (foto) som spelar lettliva og glad musikk frå den russiske landsbygda. -Dei er ein eventyrleg gjeng med dyktige musikarar som stifta Otava Yo for å ha det moro, ved sidan av andre musikkarrierar. No har det visst teke sånn av at dei knapt har tid til anna enn å turnere festivalar rundt i verda, seier Almås, som sjølv ser fram til å oppleve dei for første gong. Han var ikkje i Førde då dei spelte fletta av publikum i idrettshallen i 2015! 

På denne konserten slepper alle som fyller 30 år i 2019 inn gratis. Alt dei treng å gjere er å vise fram legitimasjon ved inngangen. -Festivalen feirar 30 år, så vi må jo feire med jamaldringar, smiler direktøren.  

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.