Følg Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

​Europeisk festivalpris til Førdefestivalen

Nyhet   •   sep 27, 2019 10:34 CEST

Iver Svensøy (Førde kommune), Torill Faleide og Per Idar Almås (Førdefestivalen). Foto: Lieve Boussauw og Hilde Bjørkum (Førde kommune)

På eit arrangement i Bruxelles torsdag 26. september, vart Førdefestivalen som ein av fem festivalar, heidra med den internasjonale EFFE AWARD. Blant 800 festivalar, hadde ein jury valt ut 24 festivalar til eit finale, og fem av desse mottok den gjevaste utmerkinga, EFFE AWARD 2019-2020. Førdefestivalen er den første norske festivalen som vert heidra med denne prisen. 

Om Førdefestivalen seier juryen:

Førde Traditional & World Music Festival in Norway provides a remarkable example of excellence as well as artistic and curatorial integrity. July 2019 sees its 30th edition, Førde annually presents 300 artists in 90 acts across 30 venues in concerts, workshops, master classes, children’s events and many other endeavours. It has been a winner of Songlines’ best world music festivals worldwide and The Guardian’s top 10 festivals in Europe.


– Det å få ei slik utmerking og den anerkjenninga det inneber, er heilt fantastisk. Det viser at me gjer noko rett og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier direktør Per Idar Almås, som var stolt og glad over å motta prisen.

Til stades under prisutdelinga var også tidlegare direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, som no er kommunaldirektør for kultur og idrett i den nye Sunnfjord kommune, og Ivar Svensøy, representant for vertskommunen Førde, og kommunikasjonssjef for Førdefestivalen, Torill Faleide. Festspillene i Bergen var blant dei 24 festivalane som mottok utmerking. 


Dei fem festivalane som gjekk heilt til topps i festivalkåringa var:

  • Conrad Festival, Krakow i Polen
  • Festival Deltebre Dansa, Deltebre i Spania
  • Førdefestivalen, Førde
  • GogolFEST - Multidisciplinary International Festival of Contemporary Art, ulike byar i Ukraina
  • Welcome to The Village, Leeuwarden i Nederland

Det er festivalorganisasjonen EFFE, Europe for Festivals Festivals for Europe, som står bak denne festivalkåringa. EFFE er etablert av European Festivals Association, og støtta av Europakommisjonen og Europaparlamentet. Under prisutdelinga vart det streka under at kulturelt samarbeid over landegrensene i dag er viktigare enn nokon gong.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.