Følg Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Tags

Siste nyheter

Trine Skei Grande opnar den 29. Førdefestivalen

Trine Skei Grande opnar den 29. Førdefestivalen

Pressemeldinger   •   mai 09, 2018 12:40 CEST

Den 29. Førdefestivalen vert offisielt opna av kulturminister Trine Skei Grande torsdag 5. juli. Årets festivaltema er Dansen i musikken - musikken i dansen!

Per Idar Almås frå Stord vert ny direktør for Førdefestivalen

Per Idar Almås frå Stord vert ny direktør for Førdefestivalen

Pressemeldinger   •   mai 02, 2018 14:14 CEST

Per Idar Almås er tilsett som ny direktør og kunstnarleg leiar ved Førdefestivalen frå oktober 2018. Almås er 37 år og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Han kjem frå ei delt stilling som festivalsjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest på Sandane, og prosjektansvarleg i Festspillene i Bergen, der han i stor grad har jobba med programmet for born og unge, samt konsertturneen Nordvegen.

Førdefestivalen 2018 slepper heile programmet

Førdefestivalen 2018 slepper heile programmet

Pressemeldinger   •   mar 21, 2018 07:30 CET

Urban Rumba Catalana og lidenskapleg flamenco frå Spania, halling i ny norsk produksjon, heftig tarantella frå Italia, cubansk salsa, dans frå Solomonøyane, Påskeøya, Taiwan, Madagaskar og Papua New Guinea, steppdans frå Canada, bharatanatyam frå India, polska frå Sverige - og Jølstraspringar i Astruptunet; dette er litt av dansemenyen på den 29. Førdefestivalen, 4. - 8. juli i år.

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Nyheter   •   jan 25, 2018 07:00 CET

Direktør Hilde Bjørkum ved Førde Internasjonale Folkemusikkfestival heldt eit av innlegga på Innspelsmøte for den nye kulturmeldinga. Ho løfta 'Den norske modellen', med kunst og kulturproduksjon utanfor dei store sentra som viktige å ta vare på, og stiller spørsmålet: Kva rolle skal kulturlivet og dei kulturelle fyrtårna spele i framtidas kultur-Norge og i Vestlandsregionen?

Direktørskifte i Førdefestivalen

Direktørskifte i Førdefestivalen

Pressemeldinger   •   des 19, 2017 09:48 CET

Etter nesten tretti år i Førdefestivalen, takkar Hilde Bjørkum av som direktør etter gjennomføringa av festivalen i 2018. NB! KONTAKTPERSONAR i denne saka: Hilde Bjørkum, direktør – mobil 90 91 99 33 – e-post: hilde.bjorkum@fordefestival.no Tone Winje, styreleiar – mobil 90 77 47 67 – e-post: tone.winje@moss.kommune.no

Førdefestivalen slepper temaet for festivalen i 2018

Førdefestivalen slepper temaet for festivalen i 2018

Pressemeldinger   •   des 14, 2017 06:30 CET

Dansen i musikken - musikken i dansen! vert temaet for den neste Førdefestivalen, som går av stabelen 4.-8. juli 2018. -Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, seier direktør Hilde Bjørkum, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren - som skaper dansemagi!

Førdefestivalen - ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017

Førdefestivalen - ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017

Pressemeldinger   •   nov 21, 2017 11:42 CET

Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vert delt ut av FolkOrg til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement, og vart overrekt på bransjetreffet FOLKELARM i Oslo.

​Klangen av Norden og lyden av verda på Førdefestivalen 2017

​Klangen av Norden og lyden av verda på Førdefestivalen 2017

Pressemeldinger   •   mar 16, 2017 13:47 CET

Forboden musikk frå Kapp Verde på Hafstadfjellet, 706 moh; ørkenblues frå Mali på elvebreidda ved Jølstra; samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet, nyskapt ‘arkivmusikk’; sylskarpe bulgarske kvinnestemmer i kyrkjerommet; tango direkte frå Buenos Aires, moderne samisk joik og videokunst og ei storstila satsing på nordisk folkemusikk er noko av det publikum i Førde får oppleve i juli!

«Klangen av Norden» i fokus på Førdefestivalen 2017

«Klangen av Norden» i fokus på Førdefestivalen 2017

Pressemeldinger   •   des 01, 2016 13:38 CET

- Dette har aldri vore gjort før, seier direktør Hilde Bjørkum, når ho presenterer den store satsinga på «Klangen av Norden» som tema for Førdefestivalen 2017. Hovudsatsinga er prosjektet «Nordic Sound Folk Orchestra» eit all-nordisk strykeorkester på førti musikarar og solistar, som skal framføre spesialskriven musikk frå fire nordiske komponistar.